map Kart account_circle Min side
HjemStore namn til neste års litteraturfestival

Store namn til neste års litteraturfestival

Sandnes bibliotek feirar 150 år i 2026, og slår derfor ekstra på stortromma når det gjeld bookinga til litteraturfestivalen Litt.Sandnes i februar 2026.

Festivalen er frå 7.-11. februar, men du kan sikre deg billettar allereie nå.

Kjøp billett

– Vi er stolte av å kunne tilby så mange kjekke og varierte arrangement med så store namn innan litteratur. Årets program speglar breidda av det vi driv med på Sandnes bibliotek med litteraturformidling for barn og vaksne, samtidig som vi rettar søkelyset mot viktige dagsaktuelle tema under fagdagen. Litt.Sandnes blir ein knallbra start på jubileumsåret vårt, og vi håper publikum gleder seg like mykje som vi gjer, seier biblioteksjef Trude Svanes.

Laurdagen er satt av til bibliotekets største brukargruppe, altså barn og unge. Det blir dinosaurtema med både forfattarbesøk og ansiktsmaling, og alt er gratis. Barna kan elles glede seg stort til å treffe Victor Sotberg og Odin Helgheim bak den høgt utlånte teikneserien Edelmot på måndagen. 

Søndagen blir hovuddopninga med Sandnes sin eigen litteraturprofessor Janne Stigen Drangsholt før Agnes Ravatn er første forfattarnamn ut. Fagdagen tysdag er via til demokrati med interessante føredrag. Og alle krimelskarar kan glede seg til å høyre om Wisting-serien frå Jørn Lier Horst onsdag kveld.   

Biblioteket har eit litt større budsjett enn vanleg på grunn av jubileet, og dei ønsker i tillegg å markere seg litt utanfor huset, med arrangement og samarbeid på Sandnes kulturhus og Drøøs.   

Her er alle namn og arrangement som kjem til Litt.Sandnes, 2026:  

Jørn Lier Horst om Wisting-serien

Victor Sotberg og Odin Helgheim om Edelmot    

Agnes Ravatn om Doggerland

Erlend Loe om Kukene/Kukane

Helga Flatland om Så gjør vi så

Kristopher Schau og Alexander Sandtorv med live podkastinnspilling av Menn uten midje kan også lese 

Johan Harstad om Under brosteinen, sanden!

Anne Gunn Halvorsen om Mitt internett: då www kom til Noreg

Fagdag om demokratiet i krise med:

Lars Erik L. Gjerde, Bernt Hagtvedt og Jan Arild Snoen

Bitte.litt festivalen for barn med:

Jørn H. Hurum Reidar Müller og Sigbjørn Lilleeng 

Ansiktsmaling med Zhanna Onufriienko  

Billettpris for vaksne er 75 kroner per arrangement, men fagdagen tysdag har ein dagspris på 150 kroner for alle tre føredraga.

Bittelitt.Sandnes på lørdagen er gratis, medan Sotberg og Helgheim i kulturhuset kostar 65kr. I tillegg kan inviterte skuleklassar glede seg til å treffe Anne Gunn Halvorsen om Halve kongeriket, og Jørn Lier Horst om Detektivbyrå nr. 2.  

Les meir om festivalen og kjøp billettar her:

Litt.Sandnes 2026 | 7. feb. - 11. feb. | Sandnes bibliotek  

Sist oppdatert: 20.11.2025