Sviland skule har ledig eit vikariat i 100% undervisningsstilling ut skuleåret 2019-2020 med snarleg tiltreding. Stillingen vil ha særskilt fokus på spesped, SNO og tidleg innsats i begynneropplæringa.

Sviland skule er ein barneskule med 127 elevar og 25 tilsette inkludert SFO.

Sviland skule kjenneteiknast av kjekke og engasjerte elevar, føresette og personale. Sviland skule har visjonen “Saman om læring og glede” med fokus på verdiane trygg, raus og kreativ.

Les mer om Sviland skule her

I tråd med opplæringslova er tilfredsstillande politiattest og helseattest ein føresetnad for tilsetting. Desse må leverast snarast etter eventuelt tilbod om tilsetting og før tiltreding. Attestar og vitnemål tas med til eventuelt intervju.