UKM-festival

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

Hva forsøkte du å finne?


UKM-festival

Onsdag 21. juni til sundag 25. juni 2017 kjem rundt fem hundre av dei mest kreative og talentfulle ungdommane i Noreg til den nasjonale festivalen for UKM (Ung Kultur Møtest) i Sandnes

UKM-festivalen har blitt arrangert i Trondheim i 24 av dei 25 siste åra. I år er det kulturavdelinga i Rogaland fylkeskommune, kulturavdelinga i Sandnes kommune og Vågen vidaregåande skule som skal arrangera UKM-festivalen.

Årets festival blir annleis enn tidlegare UKM-festivalar, og me har lagt stor vekt på å laga ein festival som vil vera godt synleg i byrommet. Torsdag 22. juni og fredag 23. juni skal deltakarane jobba med å laga nye samproduksjonar i konseptet me har kalla #UKMblend. Dette er ei nyvinning for UKM-festivalen 2017, og deltakarane skal jobba på tvers av fylke og kunstartar med å laga nye framsyningar, installasjonar og kunstverk. Kvar gruppe vil bli leia av ein profesjonell kunstnar. Det kunstnarlege temaet for #UKMblend er DinID, og det skal gå som ein raud tråd gjennom produksjonane.

Til dette har me fått inn kunstnarleg ansvarlege for samproduksjonane. Blant desse er Ole Hamre, Didrik Ingvaldsen, Reidun Rose Vinda, Arne Hovda, Cult of Rammellzee, Vidar Schanche, Chriz Nypan, Pål Asle Pettersen, Dan Peter Sundland og Liz Kosack.

Laurdag 24. juni vil kjem festivalen til å fylla Sandnes sentrum med gratis og nyskapande kunstopplevingar på høgt nivå. Her blir mykje spennande. Timeplanen er:

12.00–12.30: Øglændsparken (Sykkel med vrengpedal)

12.30–13.00: Parade (Township-parade)

13.00–13.15: Ruten (Lydvegg)

13.30–14.00: Sirkusteltet (Neonflash)

14.15–15.30: KinoKino (Folkofoni, Animasjon, Musikk bak maske og Lydmaskin)

14.15–15.30: Langgata/Lanternen (Feltmusikk)

14.15–15.30: Bakgarden med det gule huset (Mål ei scene)

14.15–15.30: Øglændshuset (Pur ID)

15.45–16.30: Langgata 9 til Gjestehamna (Kulten)

16.30–17.00: Gjestehamna (Festivalsong og Dansekamp)

I tillegg til dette er det kunstutstilling i KinoKino torsdag 22. juni til laurdag 24. juni. Her er det 67 kunstverk av unge kunstnarar frå heile Noreg. I Sandnes Kulturhus og i Vågenhallen skal det vera framsyningar der deltakarane viser dei innslaga dei har gått vidare frå fylkesmønstringane med. Desse framsyningane er:

•          Torsdag 22. juni klokka 18.00

•          Torsdag 22. juni klokka 21.00

•          Fredag 23. juni klokka 18.00

Publisert: 19.06.2017 09:38
Sist endret: 19.06.2017 09:38