Bli med på dugnad for å bekjempe landøyda

Innhold

Bli med på dugnad for å bekjempe landøyda

Landøyda er ikkje ein framand art i norsk natur, men kan vera dødeleg for storfe og hest. Me oppfordrar alle som kan til å spa opp eller dra opp planten, og å kasta han i restavfallet for brenning på søppelanlegg.

Det er altså for storfe og hest denne planta er eit problem, og det er difor når du ser planta i eller i nærleiken av jordbruksjord, dyrka eller beite, den er viktig å fjerna. Ta med deg ein pose eller sekk når du går tur, og plukk med deg dei plantene du finn. På den måten kan du «gje» noko tilbakte til grunneigarane som tillet at du går tur på eigedomane deira.

Bilde av landøyda

Me oppfordrar alle som kan til å spa opp eller dra opp planten og kasta han i restavfallet for brenning på søppelanlegg. Det kan vera lurt å bruka hanskar. Hugs å ikkje kast planten i matavfall/kompost! Men om du ser den raudlista sommarfugl-larven karminspinnaren på planta, må du la den stå.


Landøyda med karminspinnaren

Du kan henta sekkar her:

  • Rådhuset i Sandnes
  • Kommunehuset i Forsand
  • Høle, Coop Marked
  • Julebygda, Joker


Viss du plukkar større mengder som du ikkje får plass til i restavfallet, kan du levere sekkane i avfallsbehaldarar i perioden 17. – 28. august:

Vatne (Sandnes)
Vatne: Lørdager, 20. og 27. august, kl. 900 - 1200

Myrane gjenvinningsstasjon (Forsand) 
Onsdager, 17. og 24, august, kl 1700-1800
Lørdager, 20. og 27. august, kl 1000-1200

Landøyda spreier seg lett dersom han får setje frø. Når plantane er i blomstring, er det viktigaste tiltaket å hogga av, eller helst riva opp, alle plantar med blomsterstengel slik at dei ikkje får frødd seg.

Det er viktig å knyta posane att, slik at frø held seg i posen (blomane går raskt i frø).

Fakta om løndøyda
Landøyda er ei svært giftig plante som sprer seg lett dersom den ikkje vert fjerna. Landøyda finns både langs vegkantar, skrotemark og på beite som ikkje vert stelt.

Spesielt hest og storfe er utsette for giftstoffene i landøyda. Ifølge Veterinærinstituttet gir landøyda leverskadar som utviklar seg seint etter inntak av betydelige mengder. Dyra vert avmagra og får illeluktande, mørk diare. Landøyda blomstrar seint frå juli til september.

Den mest effektive måten å bekjempa landøyda på er å kappe planten av før frøsetjing. Du kan også grava opp rotstokken.

Publisert: 08.08.2022 09:01
Sist endret: 19.09.2022 09:35