Sandnes kommune logo - Klikk for å gå til startsidenHopp til innhold
Hopp til hovedmeny
Hopp til søk
Startside | Ledige stillinger | Lenker | Skjema | Elektronisk selvbetjening | Nettstedskart Information in english
  Du er her: Tjenester  » Fakta  » Natur og miljø  » Sunn by  » Sykkelbyen Sandnes  » Sykkelbyen Sandnes
Klikk her for å skrive ut siden

Sykle til jobb

Solveig Kirketeig syklar til arbeid stort sett dagleg i sommarhalvåret. –Eg gjer det for eg har lyst! Ho deltek sjølvsagt på Sykle til jobben-aksjonen 2005, som kom i gang 27. april. Det er to aksjonar i sving no, og reglar og datoar er ikkje heilt like!

S. Kirketeig og L. Høgemark
Kjekt når fleire syklar!
Solveig Kirketeig (t.v.) og Liv Høgemark

Sykkelturen frå Engelsvold i Klepp til arbeidsstaden i Hovevegen er om lag 11 kilometer ein veg, og Solveig Kirketeig synes at det er ein fin strekning å sykla til og frå arbeid. Det er faktisk ikkje nok sykling synes ho; Både ho og mannen syklar mykje på fritida og! Sykkelaksjonen er lett å vera med på, seier Solveig; Eg syklar jo likevel! Ho var med på Sykle til jobben aksjonen for fyrste gong i år, men ho fortel om deltaking i fleire sykkelritt, både Nordsjørittet, Birkebeinaren og Lysebotn-Bryne rittet.

Sykle til jobben – aksjonen 2005 starta 27. april og mange er alt i gang med sykling til og frå arbeidsplassen. I år som i fjor er det to ulike aksjonar å delta på for tilsette i Sandnes kommune. Den eine aksjonen er landsdekkande og varer fram til og med 30. juni og den andre er kommunal og varer fram til og med 30. september.

I landsaksjonen registrerer ein deltaking anten direkte på internett etter kvart, eller sender samla inn resultata til ”Sykle til jobben aksjonen 2005 etter 30. juni som tidlegare år. Dei som deltek på den kommunale aksjonen sender lista inn til HMS når aksjonen er avslutta 30. september.

R. Mangersnes
Rune Mangersnes
 For landsaksjonen er det ikkje krav til tal på dagar ein må vera aktiv eller kor langt veg ein må ha til arbeid for å vera deltakar. I kommuneaksjonen må ein ha minst 30 aktive dagar og minstedistansen er anten to kilometer ein veg eller at ein har to kilometer tur-retur arbeid. Hovudsaka i begge aksjonane er at ein kjem seg til eller frå arbeid for eigen maskin, anten ein syklar eller går eller brukar andre sjølvdrivne framkomstmiddel.

Sykle til jobben aksjonen i kommunen har eigne premiar. Hovudgevinsten blir sykkel og det vil i tillegg bli ein god del andre sykkelartiklar som premiar. Det vil i år og vera to nye greiner å konkurrera i. Det blir nemlig premie på den som har flest aktive dagar innanfor tidsgrensa og det vil bli gjort stas på den arbeidsplassen som er best. –På dette siste brukar me skjønn, ikkje millimetermål, seier Rune Mangersnes.

-Eg vann ikkje i fjor, seier Solveig Kirketeig, men det er ikkje så farleg. Det er så kjekt å sykla likevel. Syklinga gjer oss betre både fysisk og psykisk! Eg bruker nok 25 minuttar når det er medvind på turen  heim, men det er fine minuttar; Når eg er kommen heim, så har hovudet fått lufta arbeidstankane. Det kan jo vera nyttig av og til! Ønsket for oss syklistar er at det ikkje er grus der me skal sykla! Det er ikkje så lenge sidan eg hadde eit stygt fall, men det var på nabokommunegrus; I Sandnes skal dei ha skryt for feiing!

Aktive - Jønningheia BHG

Aktive i Jønningheia barnehage: Det er åtte personar som står på lista for aksjonen i år. Dei fleste av desse kjem for eigen maskin til arbeidsplassen heile året. Derfor er det bare eit pluss at det kan vera mogleg å vinna premiar! Frå venstre: Wenche Pedersen, Gry Solvang Jensen, Alvhild Stokka, Reidun Østbø, Elisabeth Olsen og Faiza Abu Ali. Dei to andre kunne ikkje gå frå barna for å bli fotografert. Syklistane har hjelmar, men det tok for lang tid å finna dei i dei låste skapa.

Tekst og foto: Gaute Sigmundsen


Oppdatert dato: 09.11.2005 20:29:32

Hjemmeside for enheten

Beslektet informasjon

Andre lenker